Vår tid

Om du les «Kyrkja og Guds folk» av Ludvig Hope, vert det tydeleg at han var seg bevisst den tida han levde i og dei forholda som rådde medan han tente. Det er tydeleg at han og var seg bevisst misjonsorganisasjonen si oppgåve –  å vinne menneske for Jesus. Organisasjonen skulle ikkje heftast vekk i andre oppgåver. Nokre av oppgåvene som kunne opplevast som «heft» meinte han var godt ivaretekne av kyrkje og skule, slik at misjonsorganisasjonen kunne prioritere anna arbeid.

Viktige verdiar

Historia til Misjonssambandet viser at det er nokre verdiar som alltid har prega oss. Det har vore misjon heile tida. Det har vore eit ynskje om å vere tru mot Guds ord heile tida. Det har vore endringar i arbeidsmåtar heile tida. Og det har vore eit ynskje om at alle skal få vere med å arbeide i Guds rike – heile tida.

Desse verdiane opplever vi pregar oss også i dag, i vår tid. Vi er prisgitt den tida vi lever i, det er i denne tida vi er sette og det er her vi må handle. Vi er glade for arbeidet som er gjort i dokumentet «Menighetstenkning og organisasjonsstruktur i NLM». Det er eit godt stykke arbeid som tek på alvor at tida organisasjonen vår er sett til å tene i no er fundamentalt annleis enn den tida Hope beskriv. I eit stadig meir sekularisert land er det ikkje lenger mogleg å tenke at skulen skal ta seg av opplæringa, for ikkje å seie oppsedinga i den kristne trua. Den norske kyrkja har mange stader og i fleire bygder god kontakt med store deler av folket, men den er likevel ikkje i nærleiken av det den var. Mange stader er trusopplæringa i kyrkja også langt unna det vi ynskjer å lære om den kristne trua.

I vår tid

 Å nytte tida som argument kan gjerast på ein god måte og ein dårleg måte. Men å seie at tida ikkje er eit argument er å slutte å prøve å nå menneske i den tida vi er sett i. Å lære menneske det som Jesus har kalla oss til betyr at vi må møte og tene menneske her og no. Å drive ein organisasjon i ei tid der alle på eit tidspunkt hadde pugga katekismen og der menneske flest kjende bibelhistoria betre enn det dei fleste pastorar gjer no, hadde vore fint. Men det er ikkje der vi er.

Korleis kan vi, som misjonsorganisasjon, drive arbeidet vidare i denne tida? Vi trur at vegen er å plante robuste kristne fellesskap som har misjons-DNAet planta i seg. Fellesskap som både ynskjer å tene lokalt der dei er og være med å sende menneske til stadar dei ikkje er – som lemmer på Jesu lekam som peiker på Han, der dei er.

Nådegåver og tenester

Vi trur vår generasjon meir enn tidlegare kjenner på behovet for å ha ein kristen heim å høyre til i, anten ei smågruppe, eit større fellesskap eller ei forsamling. Vi trur at vi i desse fellesskapa treng at nokon har eit ansvar for at vi får god og variert kost, slik at vi får bli kjend med heile Guds ord. Her treng vi også leiarar som engasjerer seg i arbeid for born og unge, i diakonale tiltak, i song og musikk og i arbeid inn mot nye i landet. Så trur vi også at Bibelen snakkar om eit tilsyn, at nokon skal ha eit særleg ansvar for å sjå til fellesskapet og vise omsorg for det (1. Pet 5,2-3). Vi er veldig glade for at det nye dokumentet peikar lokalt her. For det å ha eit tilsynsansvar handlar ikkje først og fremst om lære i eit dokument, men om å lære menneske å bli kjent med Gud i lokale kristne fellesskap. Det handlar om å utfordre menneske til å nytte sine gåver til oppbygging av Jesu lekam.

Kven skal ha tilsyn?

Vi er glade for at HS i dokumentet tilrår å vidareføre det som vert kalla tenestedelingsprinsippet, fordi dette slik vi ser det er i tråd med det Skrifta lærer. Likevel så er Bibelen tydeleg på at det å vere mann ikkje er tilstrekkeleg. Dei siste åra har det kome fram skandale etter skandale der menn har svikta sitt ansvar og har leia ut ifrå heilt andre verdiar og med heilt andre karaktertrekk enn vi får beskrive i mellom anna pastoralbreva.

Difor treng vi å snakka om meir enn tenestedeling, vi må seie meir enn at det handlar om kjønn, men ikkje hoppe over det Bibelen seier om dette. Vi trur den nye strukturen vil legge godt til rette for dette.

Misjonssambandet har heilt frå byrjinga arbeida for at alle skal få tene, vitne og vere med å bære misjonsarbeidet. Dette har gjort at og kvinner heilt frå starten har hatt stort rom for å tene i organisasjonen. Samtidig har Misjonssambandet vore dristige nok til å prøve og vurdere kva stillingar og oppgåver i organisasjonen som ligg tettast opp til det som vert kalla tilsynsmann/eldste/pastor i Bibelen. Ein har så prøvd å etterleve eit prinsipp om at desse stillingane og oppgåvene skal fyllast av særleg eigna menn som har dei karaktertrekka Det nye testamentet beskriv for oss. Det har neppe vore fullstendig semje om at linja har vore sett på den rette staden. Enkelte har ynskt seg bort frå heile prinsippet, medan andre har meint at ein ikkje har gått langt nok. Denne spenninga har vi stått i som organisasjon, til tider med store smerter.

Ein kan få inntrykk av at denne nye strukturen er eit steg bort frå ein bibelsk fundert tenestedelingspraksis, då ein opnar opp for at kvinner kan sitte i sentralstyret. Vi meiner ei slik opning ikkje treng å vere ei svekking av tenestedelingspraksisen, men ei nødvendig tydeleggjering av den. Ser ein på linjene som vert teikna nedover i forslaget til ny struktur, vert det tydeleggjort kva oppgåver som har denne funksjonen. Dermed kan kvinner (og menn!) som er modne kristne som ikkje tenker om seg sjølve at dei har nådegåver eller oppgåver med det å vere eldste eller ha tilsyn, få tene i eit sentralstyre og andre stader med dei gåvene dei har. Enkelte saker og vurderingar må dei så be det nasjonale tilsynsrådet handtere. Om vi får til dette samspelet kan det føre til at dei som har tilsynsansvaret kan få overlate noko av oppgåva med å «tene med borda» (Apg 6,1-7. 1. Tim 3,8-13) til sentralstyret, og sjølve få arbeide aktivt med åndelig tilsyn og oppfølging av medarbeidarar og læremessige saker.

Nokre av utfordringane

Dette kjem også til å krevje noko av oss. Makt og ansvar i Guds rike er ikkje noko vi skal riva til oss eller krevje. Der vi har ei deling mellom åndeleg leiaransvar (som alt kristent leiarskap er) og tilsynsansvar vil dette krevje at vi underordnar oss kvarandre, er ærlege om kva som er kva og gir kvarandre rom til å bruke vår teneste og våre nådegåver der vi er sett. Vi vil også trenge tid til å samtale om kva det vil seie å ha ei slik tilsynsoppgåve i organisasjonen, og korleis ein får ei slik oppgåve. Korleis kan ein gi hjelp til å vekse inn i ei slik oppgåve?

Ei tydeleg utfordring som kan følgje av denne nye strukturen er at jo meir vi som organisasjon legg om til å drive forsamlingsarbeid, jo fleire av våre tilsette vil vere tilsette i forsamlingar. Dette må vi vere bevisste på. Kva type forsamlingstilsette skal vi då ha? Legg vi opp til ein praksis der vi tilset nokon til å gjere alt som liknar på ei pastoroppgåve, utan at dei er pastorar? Kjem vi til å få ei større overvekt av menn blant dei tilsette? Det vil være særs uheldig for staben i ein region dersom vi endar opp med å nesten berre ha menn som er tilsette. Vi trur at vi er skapt ulike og at vi liknar Gud best – og tener Gud best – saman.

Strukturar ordnar ikkje alt. Slik vi ser det er likevel den føreslegne strukturen ein struktur for vår tid, som tek vare på dei viktige prinsippa som vi trur vi har frå Bibelen. Den gir framleis fleksibilitet i arbeidsmåtar, framleis iver for misjon der alle kan bidra, og framleis truskap mot heile Guds ord.

Signert av:

Steffen Stensland

Jan Magnus Fauske Lillebø

Sven Arne Lundeby

Maria Celine Lundeby

Jarle Thingbø

Lars-Petter Ødegård

Sunniva Hansen Fuglestveit

John-Kjetil Gagnat

Gjermund Øygarden

Bård Skeie Sørheim

Harald Masvie Hovland

John Olav Selstø

Kristine Gamst Selstø

Jon Georg Fiske

Karsten Tollheim

Rune Espevik

5 Kommentarer on “Vår tid

  1. Jeg har noen spørsmål og tanker til dette:
    Hovedstyret får ny betegnelse; Sentralstyre. I tillegg får vi et nasjonalt tilsynsråd.
    Hvor ofte tenker man at tilsynsrådet skal møtes?
    Og hvordan tenker man at tilsynsrådet skal kunne «arbeide aktivt med åndelig tilsyn og oppfølging av medarbeidarar og læremessige saker» i praksis? Jeg ser for meg at i praksis vil dette bli delegert til lokale og regionale ledere/hyrder. Eller er det andre tanker om hvordan det skal gjøres?

    Jeg ser at dere bruker Apg. 6 som eksempel på å «tjene ved bordene». Der er det tydelig beskrevet at de søkte menn som var fylt av Ånd og visdom til oppgaven med å dele ut mat til enkene. Men dette skal vi altså se bort fra og kaller det en administrativ oppgave som kvinner kan ta del i. Er det ikke noe som «skurrer» her?

    Så ser jeg i dokumentet https://www.nlm.no/globalassets/dokumenter-og-filer/formelle-dokumenter/div/menighetstenkning-og-organisasjonsstruktur-i-nlm-til-radsmote-2022.pdf under punkt 3.3 side 14 at det skilles mellom økonomisk, administrativt, strategisk og åndelig lederansvar. Er ikke alt dette en del av det åndelige livet? Eksempelet fra Apg. 6 viser jo nettopp at de trengte mennesker som var fylt av Den Hellige Ånd til å dele ut mat. Det tror jeg vi skal ta på større alvor.

    1. Hei Tove. Synes du stiller relevante spørsmål her, som kanskje de som står bak dokumentet vi har kommentert kan svare på?
      Selv tenker jeg at alt kristent lederskap er åndelig lederskap. Likevel mener jeg det er det en tjeneste vi finner i Bibelen som beskriver en type tilsynstjeneste som det er knyttet spesielle krav til.
      Slik jeg forstår dokumentet er det skjelningen mellom disse tjenestene som er hensikten.

  2. Wow, superb weblog structure! How long have you ever been blogging for?
    you made running a blog look easy. The entire look of your website is magnificent, as neatly as the content material!
    You can see similar here sklep

  3. Wow, fantastic blog structure! How long have you been running a blog for?
    you made running a blog look easy. The whole glance of your web
    site is fantastic, let alone the content material! You can see similar
    here sklep internetowy

Legg igjen en kommentar til Tove Stang Karlsen Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *