Eit nødvendig bakteppe

| Av Steffen Stensland |

Når vi no er i gang med ein lengre samtale om menighetstenkning og organisasjonsstruktur i Misjonssambandet, er det nødvendig å ha i mente kva kristen leiing og etterfølging er.

Dette treng ikkje få avgjerande konsekvensar for den praktiske strukturen i organisasjonen. Det er likevel avgjerande både for samtalen vår om strukturen og for kulturen som skal råda i den strukturen vi landar på.

Ikkje Equinor

Sjølv om organisasjonskartet vårt har ein tilnærma konsernstruktur, kan det ikkje vere ein konsernkultur i dette konsernet. Det å ha eit leiaransvar i ei kyrkje eller ein kristen organisasjon må ha eit særpreg som ein vanlegvis ikkje ventar seg i eit konsern. Fleire stader i Bibelen ser vi korleis Jesus eller apostlane korrigerer ein tanke om at leiaransvar handlar om status og makt. Når mora til apostlane Jakob og Johannes kom til Jesus og ba om at sønene hennar skulle få sitte ved sida av Jesus i hans rike, ba ho om at dei skulle få ein posisjon. Jesus nyttar då høvet til å seie noko om kva leiaransvar er i Guds rike. Det er ikkje å undertrykke, styre med hard hand eller å «vere stor»; det er å tene. Gjennom tenesta får ein gjere det som er størst i Guds rike.

I 1. Petersbrev 5,1-6 les vi Peter sine formaningar til dei som er eldste i forsamlingane. «Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet. Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken. Og når den høgste hyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege sigerskransen.».

Slik er oppgåva og tilnærminga dei som har fått leiaransvar skal ha. Så kjem Peter sine ord til dei som er i flokken:

«De unge skal underordna dykk dei eldste. Og for kvarandre skal de alle vera kledde i eit audmjukt sinnelag. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.»

Flokken (her representert ved dei unge i fellesskapet) skal sjå på eldstane som hyrdingar. Altså som leiarane deira og underordna seg dei.

Både flokken og hyrdingane får denne rettleiinga frå Peter, Gud sin apostel, som talar til dei på vegne av Herren sjølv. Kvar «part» har med å ta inn over seg rettleiinga til seg sjølv og ikkje rettleiinga til den andre parten. Det er ikkje rom for maktkamp då begge partane er underordna ein Herre.

Dette kolliderer med ei konserntenking der partane skal vakte eigne interesser, i Gud sitt rike er det dei andre sine interesser som kjem først, og alle desse interessene er underordna det Gud har kalla oss til.

Dette får konsekvensar for korleis vi skal tenke om dei som får leiaransvar, om det er i ei tilsynslinje eller i ei administrativ linje i organisasjonen vår. Dei (vi som er i ei slik teneste) skal være tenarar og ha dei vi er sett til å tene for auget når vi skal leie og ha omsorg for dei. Vi som så vert leia skal ha tillit til dei som er sett til å leia over oss, ha omsorg for dei og underordne oss dei. Her er det ikkje snakk om å krevje sin rett eller å køyre over, det skal vere ein annan dynamikk.

Når det ikkje fungerer

Men er ikkje dette naivt? Kva då når nokon vel å ikkje handla slik Jesus har kalla oss til og det går galt? Kva når flokken er stivnakka og stridige eller leiarane maktsjuke? Kva gjer vi då? I første omgang er kvar enkelt av oss kalla til å lide vondt. Å følgje Jesus sitt eksempel å tole urett og lida vondt. Samstundes må det seiast meir, for vi skal ikkje lide vondt på ein slik måte at det går ut over vår neste som vil lide vondt om ikkje noko endrar seg. Dette er tilfellet når det er leiarar som misbrukar sin posisjon. Vi lever i ei fallen verd og må difor ha nokre sikkerheitsnett som sikrar at dei som har fått ansvar ikkje misbrukar det. Då treng vi at alle som har leiaransvar har nokon som er sett over seg som kan gripe inn. Det legg den nye strukturen opp til på ein god måte, her er det enkelt for folk å finne ut kven ein kan gå vidare til om ein opplever urett.  

Organisasjon

No er det slik at Misjonssambandet er ein organisasjon som opererer i eit norsk samfunn som krev av oss at arbeidsgivar og arbeidstakar har enkelte rettar og plikter. Dei som har leiaransvar og dei som er tilsette har ansvar og plikter som må vere på plass når vi er i dette samfunnet. Organisasjonen vår driv og mange typar verksemder som er underlagt norsk lov som seier noko om korleis desse verksemdene og institusjonane våre skal vere organisert.

Difor har vi behov for strukturar og linjer som er tenlege i vårt samfunn, men kulturen og haldningane vi har innanfor desse strukturane må vere prega av verdiane Jesus gir oss.

Konsekvensane

Kva konsekvensar har så dette eigentleg for dei endringane vi drøftar her? Eg vil nemne nokre:

Ikkje ei «maktlinje»

Når vi no ynskjer ei tydelegare skjelning mellom tilsyn/hyrde og læreansvar og de administrative ansvaret,  vert linjene tydelegera teikna opp enn dei har vore før. Når vi ser på desse linjene, må vi sjå føre oss at leiarar på ulike nivå har eit heilt særskilt verdisett. Det er ikkje reine maktlinjer men ansvarslinjer, der nokon er sett til å forvalte ut ifrå ei tenande haldning. Dei skal tene Gud og dei som dei er sett til å leie. Om dette ikkje er med i vurderingane våre. står strukturen fram som «topptung». Når vi har dette med det i tankane så ser vi at det vert ansvarlege tenestelinjer.

Kven skal veljast?

Verdisette Jesus viser oss må gjere noko med våre prioriteringar om kven som skal veljast og settast inn i desse tenestene. Er det menneske som har ein karakter som er prega av dei bibelske verdiane? I alle leiaroppgåvene er det har vi behov for menneske med kompetanse på mange felt. Om det er økonomi, erfaring frå leiarskap, skule, internasjonal erfaring, eigedom eller kva det måtte vere så treng vi ulik kompetanse i ein organisasjon som vår. Men alt kristent leiarskap er eit leiarskap med eit verdisett i botn. Vi skal sjå etter menneske som har desse verdiane og den nødvendige kompetansen.

Instruksar og stillingsbeskrivingar

Om vi går for denne endringa, skal det gjerast om på og innførast ein heil del instruksar og stillingsbeskrivingar. Dette verdisette må då inn som ein del av rammene for dei som har leiaransvar nedfelt i instruksar og stillingsbeskrivingar. Om vi ynskjer ein bestemt kultur i organisasjonen vår må vi sette ord på den slik at vi veit kva vi siktar mot. Desse instruksane må makte å seie noko om ansvaret til å leie arbeidet og sette retning, samstundes som dei seier noko om korleis ein skal gjere dette på ein tenande måte.

Ikkje maktposisjonar

Dette gjer og at når vi drøftar desse tinga, er det ikkje maktposisjonar vi skal ha på plass. Sjølv om det er posisjonar med makt, er det ikkje dette som gjer posisjonane «attraktive». Om det er makta som driv menneske til å søke ein slik posisjon, er det med feil motivasjon. Motivasjonen skal vere å tene Jesus og fellesskapet med den utrustinga ein har fått. Det betyr og at om ein får ein slik posisjon så skalkar ein ikkje lukene og styrer for seg sjølv, men ein lyttar i minst to retningar og leier ut i frå det.

Ingen rett

Dette ansvaret er ei gåve og ei teneste. Om ein tenker at det å leie er ein rett, har vi ein bakvendt veg inn i dette. Slik eg ser det er det ein framand tanke i det bibelske materialet. Dette gjeld både om ein står utanfor og søker inn, eller om ein er sett til å leie og så tenkar at dette er min rett. Å ha eit slikt ansvar er ei gåve og ei teneste, ikkje ein rett og posisjon.

I to verder

Medan bokstavane kjem på papiret så kjenner eg sjølv på motstemmane i dette. Etter å ha sett «Frelst» serien, delar av «Knutby» og lytta til podcasten «The rise and fall of Mars Hill»,  er eg smerteleg klar over at denne verda stadig er prega av synd og at makt korrumperer. Nettopp difor trur eg vi må passe på å ikkje legge Jesu ord om desse tinga til sides når vi samtalar om struktur og menighetstenkning i Misjonssambandet, men ha det med som eit heilt nødvendig bakteppe.

Midt i blant oss bryt Guds rike fram og i Guds rike er det nokre Gudsrikeverdiar som skal prega oss, midt i denne verda.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *